har laget ett arrangement til oss av denne vakre salmen – gleder meg til vi kan synge den, enten det blir på engelsk eller nynorsk. Originalen er vel på irsk…

Den står også i vår salmebok, med en vakker oversettelse til nynorsk:
Salme
 

1 Deg å få skode er sæla å nå,

Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;

ver du for tanken min dyraste skatt,

ljoset som strålar ved dag og ved natt!
2 Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,

tal du det levande ord med di røyst!

Far, lat meg vere barn her hjå deg.

Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!
3 Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;

ver du det merket som syner mitt verd,

livd for mi sjel, den tryggaste vakt;

lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
4 Rikdom og ære som menneske gjev,

er ikkje meir enn den morknande vev.

Du er min arv som varer til sist,

himmelske konge, det veit eg for visst.
5 Konge i æva, å lat du meg då

sigrande inn i ditt rike få gå!

Ver du mi tru, den vona eg ber

til eg får skode din herlegdom der.

Amen.

Advertisements